Om Maskinentreprenør Jostein Sunde AS
Vi utfører små og store prosjekt innan grunnarbeid transport, både som som hovud- og underentreprenør. Vi har hovudkontor på Skei i Jølster og eige massetak på Østenstad ved Sunnfjord Næringspark.
Lang historie med arbeidsglede, omstilling og fornying
Maskinentreprenør Jostein Sunde AS blei etablert i 1976 av Jostein Sunde. Bedrifta har i dag 20 tilsette fagarbeidarar og leiarar og omset for 35 millionar kroner i året. Bedrifta etablerte ny konsernstruktur i 2024.
Drivkrafta vår er arbeidsglede og mot til å satse og fornye. Vi har alltid hatt som mål å vere fleksibel og finne løysingar. Etter hundrevis av prosjekter sidan oppstarten i 1976 har vi ikkje hatt ei einaste rettssak, og vi har heller aldri måtte permittere tilsette.
Vi tilbyr ulike tenester som til dømes graving, boring, sprenging, transport og massehandtering. Vi produserer òg grus, singel, pukk og andre steinmassar i eige massetak ved Sunnfjord Næringspark. Vi leverer årleg 15 000 kubikk steinmassar til kundar i heile regionen.
Vi får mange henvendingar frå kundar som ynskjer hjelp til å finne gode løysingar og vurdere ulike alternativ. Mange kundar spør også om råd til søknadsprosessar og dokumentasjon. Vi har stort kontaktnett og samarbeider med mange aktørar innan elektro, bygg, betong/asfalt og prosjektering.
Som medlemsbedrift i Maskinentreprenørenes foreining (MEF) jobbar vi aktivt med å halde oss oppdatert, byggje kompetanse på helse, miljø, sikkerheit og kvalitet. Vi er godkjent lærebedrift innan ulike fag i anleggsbransjen og har til eikvar tid 1-2 lærlingar.
Vi har lågt sjukefråvær og veldig god skadestatistikk. Dei siste åra har vi saman med bedriftshelsetenesta Avonova jobba spesielt med ulike risikovurderingar og førebyggjande arbeid innan kvartsstøv, ergonomi, kjemikalier, støy og vibrasjonar.
Volvo er vår hovudleverandør av anleggsmaskiner og lastebilar og utfører service og sertifisering. Vi disponerer ein variert maskinpark som er tilpassa ulike oppdrag. Dei fleste fagarbeidarane har fagbrev som anleggsmaskinførar, bergsprengger eller yrkessjåfør.
Våre mål og verdiar
Kundane
- Kundane skal vere godt nøgde med løysingane våre og kjenne seg trygge på at vi leverer resultat som står seg over tid og oppfyller krav og lovverk
- Kundane skal oppleve at det er lett å få hjelp av oss
- Kundane skal oppleve at vi er pådrivar for at prosjektet skal gå best mogleg
- Kundane skal oppleve at vi er ubyråkratisk, påliteleg og lett å samarbeide med
Myndigheiter, leverandørar og samarbeidspartar
- Leverandørar og samarbeidspartar skal oppleve at vi er ein trygg og føreseieleg avtalepart.
- Offentleg forvaltning skal oppleve at vi har naudsynt kompetanse og etterlever lover og reglar.
Samfunn
- Vi skal byggje intern kompetanse og samarbeide med andre for å kunne ta gode val og ha rett tempo i det grøne skiftet.
- Innbyggjarane i kommunen skal oppleve at vi støttar lokalsamfunnet og lag og foreiningar.
- Vi ynskjer å vere med i utvikling av samfunnet gjennom bygging og vedlikehald av bustader, anlegg og infrastruktur
- Vi ynskjer å vere ein del av samfunnsberedskapen og stille opp når det er ras og flom.
Tilsette
- Alle skal bidra til seriøs arbeidskultur og at vi er ein attraktiv arbeidsplass
- Alle skal oppleve arbeidsglede og fagleg utvikling
- Alle skal bli utfordra på lagarbeid, kompetansebygging og omstilling
- Nytilsette og lærlingar skal bli tatt godt imot og få god støtte og opplæring
Leiing og administrasjon
Lag og arrangement vi støttar
Vi er stolte av å kunne støtte ei rekkje lokale lag, foreiningar og arrangement, mellom anna innan idrett, kultur og frivillig arbeid.