Våre tenester
Vi utfører mange ulike tenester innan grunnarbeid og transport
Sal av steinmassar
I Østenstad massetak i Jølstravegen 188 ved Sunnfjord Næringspark produserer vi grus, singel, pukk, strøsand og andre steinmassar. Vi har ope måndag til fredag frå kl 0730-1530. Vi transporterer massar ut til kundar i heile Sunnfjord og har kort leveringstid på 1-2 dagar. Vi kan levere med traktor og tippe eller strø med ulike lastebilar med eller uten hengar alt etter kva som er eigna. Vi har hjullastar med vekt og kan laste opp massane på både lastebilar, traktorhengarar og små bilhengarar til kundar som ynskjer å hente sjølv. Ta kontakt for å få pristilbod og råd om kva massar som høver best til prosjektet ditt. Miljødeklarasjon for produkta våre finn du her.
Sjå video frå produksjon av steinmassar
Graving
Vi utfører mange ulike typar gravearbeid i samband med grunnarbeid for ulike byggeprosjekt, vegbygging, graving av grøfter for vatn og avløp, el-kablar og anna infrastruktur. Vi utfører òg gravearbeid ved utskifting av massar, planering og dyrking, drenering, flom - og skredsikring og opparbeiding av uteområder, parkeringsplassar og landbruksareal. Vi har tillegsutstyr på maskinene for mellom anna solding, pigging, stolpereising og løfting. Vi har store og små gravemaskiner som passar til ulike prosjekt. Maskinene er sertifisert og utstyrt med GPS og anna it-utstyr for fagmessig utføring. Maskinførarane har fagbrev og dokumentert sikkerheitsopplæring. Vi bistår i søknadsprosessen og dokumenterer gravearbeidet med innmåling, bilder og anna dokumentasjon. Vi koordinerer med andre leverandørar innan til dømes betong, bygg, rør og elektro.
Boring og sprenging
Vi utfører ulike typar fjellboring og sprenging. Vi har både landbaserte boreriggar og gravemaskin med boretårn samt anna utstyr til mindre oppdrag. Bergsprengarane våre har lang erfaring med mange ulike typar oppdrag innan boring og sprenging.
Sjå video av sprenging i Østenstad massetak
Muring og plastring
Vi utfører mange ulike oppdrag innan muring og plastring. Vi murer med eigenprodusert stein eller murstein frå andre leverandører alt etter kva storleik og kvalitet kunden ynskjer. Vi har lang erfaring med både store og små oppdrag på private tomter, næringstomter, veganlegg og uteområde. Vi sørgjer for skikkeleg fundamentering og drenering, slik at murane held seg i år etter år.
Riving
Vi utfører trygg og effektiv riving av bygningar, hus og garasjar. Vi sorterer alt avfall grundig og leverer det til goskjent avfallsmottak. Vi ryddar opp etter oss og pussar til området. Vi hjelper til med søknadsprosess og dokumentasjon.
Sjå video frå riving av garasje i Jølster
Transport
Vi transporterer ulike typar massar som til dømes jord, grus og stein. Lastebilane tar 8–10 kubikkmeter på kvart lass (12 tonn). Vi har også tippsemi og ulike tilhengjarar. Vi transporterer maskiner, utstyr og materiell på maskintraller, flak og kontainer. Vi køyrer over heile Sør-Noreg.
Sjå video frå grusing av veg i Jølster
Kontainerutleige og levering av avfall
Hos oss kan du leige kontainer. Vi leverer kontainer til deg og transporterer den til næraste avfallsmottak. Vi hjelper deg med informasjon om korleis avfallet skal sorterast, prisar på ulike typar avfall og bistår med deklarering av farleg avfall og anna dokumentasjon. Ved søknadspliktige rivingstiltak og utarbeider vi også avfallsplaner og anna dokumentasjon. Våre kontainarar er 22 kubikkmeter.
Rådgjeving
Vi hjelper deg i planleggingsfasen med å finne gode løysingar, vurdere ulike alternativ og rigge ein god prosjektprosess. Vi hjelper deg òg med søknadsprosess og dokumentasjon. Vi har god kompetanse på å utføre grunnarbeid på ein måte som er fagleg forsvarleg og som oppfyller reglar og krav. Etter mange år i bransjen har vi òg mykje erfaring med korleis ulike løysingar fungerer over tid og korleis ein kan gjennomføre prosjektet på ein god måte. Vi har stort kontaktnett og samarbeider med mange leverandørar på ulike fagområder for å kunne gje deg dei beste råda.